

22-åringen frå Stord har på kort tid blitt eit av dei største stjerneskota innan norsk country, med låtar som Heim te ståvo, Eli og Ingen her e deg.
På dagtid vært det ein nær og akustisk U18-konsert, før han på kvelden står på scena med fullt band!

Tribute-bandet serverer dei udøyelege klassikarane frå Creedence Clearwater Revival akkurat slik dei skal låtast – med kraft, trøkk og speleglede. Forvent hits på rekke og rad, dansestemning og ekte rock’n’roll-energi frå første akkord til siste tone!

Med sine folkelege songar, skråblikk på kvardagen og fengande humor har dei i fleire tiår vore ein publikumsfavoritt. Klassikarar som Kjerringa mi kan ikkje spela trekkspell og Eg heite Finn Egil får fram både allsang og smil, og live byr dei på rein underhaldning frå start til slutt

Copyright © 2025 | Vintertreffet