Vintertreffet

VAKSDAL 23.-25. FEBRUAR 2017

I 1997 var det ei lita gruppe Vaksdølingar som bestemte seg for å arrangera eit kulturelt innslag i form av ein dans med Vestlandsfanden. Planane var store, lokalet mindre, og kunnskapen om korleis ein skulle gå fram, var minst. Men; pågangsmotet var STORT!

Gjengen var av type blanda drops, både når da gjaldt kjønn og alder. I løpet av åra har nokon forlete laget, medan andre har komme til. Me som no er med har utvikla eit godt samarbeid og venskap oss imellom, noko som gjer at arbeidet med tilskipinga av festivalen er noko me alle gledar oss til! Me har som mål å «røska» litt liv i bygda vår, og å gje noko att til plassen me er så glad i!

Det som begynte med ein enkel dans har etterkvart blitt vidareutvikla, og i år 2000 var det klart for det første VINTERTREFFET på Vaksdal! Intensjonen og målet med festivalen var då som no, å begeistre publikum. Alle, uansett alder og kjønn, skal få ei oppleving dei vil setta pris på, og som gjer nokre dagar i februarmørket til eit lyspunkt!

Festivalen strekker seg over tre dagar, frå torsdag til laurdag. Dagane inneheld både humor og musikk, noko for dei vaksne og noko for dei små. Ein del av pakken er også marknadsdag, konferanse og bakedag. Bak desse dagane ligg det mykje arbeid, og me i Underhaldningslaget jobbar heile tida for å gje publikum nye opplevingar og inntrykk!

Mykje dugnadsarbeid og ein formidabel støtte frå alle våre sponsorar gjer at me kvar februar kan presentera flotte artistar på Vaksdal. Velkommen skal du vere!