Vintertreffet

VAKSDAL 23.-25. FEBRUAR 2017

Stage Dolls

stage-dolls-return-sentrum-scene-2015-8354Stage Dolls er rockebandet som vart starta opp i Trondheim av vokalist, låtskrivar og gitarist Torstein Flakne, bassist Terje Storli og trommeslager Erlend Antonsen. Dei debuterte i 1985 med <<Soldiers gun>>, som kom rett inn på VG-lista! Dei har hatt stor suksess både i Noreg og utlandet. I 1989 nådde dei 46. plass på singellista i USA, med låta <<Love cries>>. Sidan den gongen har dei skrive rockehistorie med låtar som <<Wings of steel>>, <<Still in Love>>, <<Drive for life>> og <<into the fire>> berre for å nemna nokre eksempel.

I dag, over 30 år etter debuten, er dei framleis like spelesugne som dei alltid har vore! Dei spelar for fulle hus rundt om i Noreg, og føler seg priviligerte som får driva med det dei elskar aller mest, og det smittar over på publikum.

Stage Dolls gler seg til å festa med alle som tek turen til Vaksdal på Vintertreffet.