Vintertreffet

VAKSDAL 23.-25. FEBRUAR 2017

Ingenting

kjell_tryneBandet Ingenting kjem til Vaksdal igjen!

Kjartan Osmundsen, Tom Mølstre, Tore Jan Møller og Svenn Øverland var gutane i kompisgjengen frå Sandnes som i 1989 bestemte seg for å danna eit band. Musikken var, då som no, røff og rocka, og handla ofte om tema som øl, bakrus, jenter og rock i ei salig blanding.

I løpet av åra har dei gitt ut fleire album, og låtar som <<gje faen i det>>, <<deg eg vil ha>>, <<Liden>> og <<Hivpositiv>> er songar som dei fleste kjenner til.

Vokalist Kjell si ru og tøffe stemme er umiskjenneleg, og kombinert med sørlandsdialekt, så vert dette rock som er unik og tøff! Sidan oppstarten har bandet skifta medlemmer fleire gonger, og består i dag av: Kjell Undheim(vokalist), Ove Morten Grødelanf(gitar), Bård Schanche(gitar), Tore Jan Møller(bass) og Stene Osmundsen(trommer). Men musikken og tekstane er framleis lett attkjennelege, om enn med eit snev av meir livserfaring mellom linjene…. og me elskar det!

Rockefoten vert garantert vekt, og allsong er obligatorisk: Vaksdal er de klare?