Vintertreffet

VAKSDAL 23.-25. FEBRUAR 2017

Blest

blestFredag kveld er det konsert med bandet Blest som mellom anna består av tre musikarar frå Vamp. Dei satsar no for fullt på eit nytt prosjekt. Gitarist Torbjørn Økland og bassist Calle Apeland har over 20 års fartstid i Vamp bak seg, medan vokalist Paul Hansen var med på fire album med Vamp frå 2008 til 2012. Med til Vaksdal er også Marie Klåpbakken, Tore Jamne og Halvor Lillesund. Singelen <<I dine sko>> er allereie ute, og i mars kjem bandet sitt første album. Musikalsk sett ligg Blest langt på veg der Vamp var på sitt beste, og kombinert med ny inspirasjon og entusiasme ligg det an til ein spesiell kveld på Vaksdal.

Kjell-Ove Torkildsen har lang erfaring i musikkbransjen, og har booka svært mange band til Vaksdal. Han lovar publikum noko heilt spesielt når Blest kjem på besøk. Dette blir for ein debutkonsert å rekna, og er skikkelig ekslusivt. Det er ganske spesielt at det skjer på Vaksdal. Blest er spådd ei lysande karriere, eg trur bandet kan komma til å prega norsk musikk i åra som kjem.

Og det heile startar altså i samfunnssalen på Vaksdal, like før debutalbumet er ute. Det er vel verd å få med seg, seier Torkildsen.